Heidersteikn til jordmor - Bertha M. Nes på Veitastrondi
Nes i 1949 med Bui (Andersbui) attmed båten. "Fram i byen" sa strendingane om Nes, der det var landhandel, stoppestad for rutebåten på folkemunne kalla Motoren og tett i tett med hus. Bertha Nes og familien hennar budde i huset midt på biletet der det står mange folk.
Heidersteikn til jordmor - Bertha M. Nes på Veitastrondi
Ein dag i august 1927 var redaktøren i avisa Sogningen på besøk på Veitastrondi. I eit større stykke etterpå stod det også noko om jordmora i bygda, Bertha M. Nes. Ho hadde vore jordmor i 33 år og heile denne tida hadde ho ikkje hatt eit einaste uhell. Om hausten vart ho heidra med Kongens fortenestemedalje.
Vanskeleg haust og vår
Sogningen spissformulerte at det ikkje var lett å koma seg til og frå Veitastrondi. "500 mennesker lever avsondret fra omverdenen" stod det i overskrifta. Så gale var det ikkje. Veitastrondi var ikkje "avsondret" fra omverda heile året. Dei hadde båt på Veitastrondvatnet, og om vinteren kunne dei til vanleg ferdast på isen. Men det var om hausten og våren det kunne vera uråd å ta seg fram på vatnet, når isen var utrygg og dei ikkje kunne bruka båt. Dei kalla det meinis.
"Måtte hjelpa seg på beste måten"
Fødslane kunne ikkje regulerast etter meinisen, heller ikkje sjukdom og skadetilfelle på folk. Bertha fortalde Sogningen om eit slikt hende. Ein dag tidleg i mai 1927 var ho uheldig og braut eine foten. Ho vart liggjande til sengs med foten i spiler og forbinding. Fire dagar seinare kom det bod om hjelp frå ei barselkone. Det var ikkje anna å gjera denne gongen enn å transportera den fødande dit jordmora budde, og plassera henne i ei seng ved sida av Bertha. Alt gjekk vel, denne gongen òg.
Image
Bertha Nes (1873-1956), 21 år gamal og nyutdanna jordmor.
Datering
1949.
Fotograf
Ukjend.
Eigar
Konrad Nes
- Men kunne du ikkje sendt bod på dokteren, spurde Sogningen. Bertha smilte overberande til eit slikt spørsmål, og svara: - Det gjekk nok ikkje an. Isen var ikkje køyrande.
- Du må vel av og til fungera som dokter og? - Ah, det går vel ikkje an å kalla det så, men når meinisen gjer det uråd for distriktslegen å kom seg fram, får me hjelpa oss på beste måten her oppe.
Fortenestemedalje
Bladstyraren i Sogningen var imponert, og gav uttrykk for at hvis nokon hadde gjort seg fortent til ei påskjøning for samvitsfullt arbeid gjennom mange år, så var Bertha Nes. Andre var av same meining. I oktober 1927 vart Bertha Nes heidra med kongens fortenestemedalje i sølv.
Bertha Nes fekk tildelt medaljen saman med diplom. På diplomen står:
Vi Haakon Norges Konge Gjør vitterlig. At Vi under 2. Oktober 1927 har tildelt Jordmor Bertha Monsdatter Kvam Vor Fortjenst Medalje i Sølv Haakon R (segl og underskrift) Diplom for Jordmor Bertha Monsdatter Kvam Som Indehaver af HM Kongens Fortjenst-Medalje i Sølv
Image
"Diplom for Jordmor Berthe Monsdatter Kvam som indehaver af HM Kongens Fortjenst-Medalje i Sølv." Redaktøren i avisa Sogningen skreiv mellom anna: "Det maa være hendes kræfter og uopslitelige humør som har hjulpet hende. Hvis nogen fortjener en paaskjønnelse for samvittighetsfuldt virke, så er det hende."
Datering
1949.
Fotograf
Ukjend.
Eigar
Konrad Nes
Meir om Bertha Nes
Bertha Monsdotter Nes, fødd 30. august 1873 på Veitastrond, var dotter til Mons Nilsson Halvteig og Berthe Larsdotter. Ho gjekk jordmorskule og var ferdig utdanna i 1894, 21 år gammal. Ho vart gift 19. januar 1896 med Lars Andersen Nes, fødd 1866, gardbrukar på Søndre Nes, gnr. 42, bnr. 11, Løengen. Bertha Nes døydde 11. januar 1956.
Image
Bertha Nes og mannen, Lars Nes, fotograferte i 1942. Bertha ber fortenestemedaljen på brystet.
Datering
1942.
Fotograf
Per Tang.
Eigar
Per F. Tang
Sogningen. 09.08.1927 Digitalarkivet:
Folketeljing 1900.
Soknepresten i Hafslo: Ministerialbok 1852-1873
Opplysningar frå:
Lars Nes, Leikanger.
Konrad Nes, Hoksund.