Anders Fosnes (fødd 1850) og kona Marie (fødd 1852) og dei fem borna deira. Bernt er nr. 3, men han var reist til Amerika då biletet vart teke. Fotografen har "limt" han inn.
Datering
Kring 1912.
Fotograf
Ukjend.
Eigar
Oddgeir Brekke

Amerikansk krigsgrav - Bernt A. Fosnes frå Oppstryn

Bernt A. Fosnes frå Stryn utvandra til Amerika i 1910. I eit brev heim til Stryn i 1917 fortel han at det er innført tvungen verneplikt og at han ventar på å verta innkalla. Eitt år seinare, den 30. november 1918, kunne Fjordenes Blad melda at Bernt Fosnes hadde falle i krigen. Han ligg gravlagd på ein amerikansk krigskyrkjegard i Frankrike.

 

Fødd og oppvoksen på Fosnes

Bernt A. Fosnes, fødd 14. desember 1889, var son til Anders Fosnes, fødd 1850, og Marie, fødd 1852. Han var nummer tre i ein søskenflokk på fem. Den 15. mars 1910 utvandra "snedkersvend Bernt Andersen Fosnæs" frå Bergen.

Image
Bernt A. Fosnes (1889-1918), utvandra til Amerika i 1910, vart utkommandert til krigsteneste i Frankrike hausten 1917, fall 19. september 1918.
Datering
Ukjend.
Fotograf
Ukjend.
Eigar
Oddgeir Brekke

Brev frå Amerika hausten 1917

Det er teke vare på eit brev frå Bernt til foreldra og syskena, skrive 17. september 1917 frå Forston, Clearbrook, Minnesota. Bernt fortel at han om sommaren har "arbet mit eget land". Han let vel. Avlingane har vore gode og det har vore gode prisar. Han helsar frå "Mons" som lever berre eit kort stykke unna. Bernt bygde fjøs og lade til han "i sommer". Han helsar og frå "Anna Høialmen (Fosnes)", - ho er frisk og rask "enda sin høie alder."

Brevet inneheld også eit varsel om den pågåande verdskrigen. Bernt fortel at det er innført tvungen verneplikt. Det har vore loddtrekking og han ventar på å bli innkalla med det første.

"Uppstryning fallen i krigen"

Den 30. november 1918, snaue tre veker etter at 1. verdskrigen var slutt, hadde Fjordenes Blad eit stykke, signert "A.F." om at Bernt A. Fosnes var fallen. Kjelda til opplysningen var siste nummeret av den amerikanske avisa Skandinaven. Stykket fortel at foreldra hadde fått brev frå Bernt etter han var komen til Frankrike. Han hadde skrive at om Gud ville spara livet hans, ville han koma ein tur heim til "gamle Norig og heimen sin" før han reiste tilbake til Amerika. I staden for besøk kom det dødsbodskap. "Det er eit tungt syrgjebod for foreldre og syskin", skriv innsendaren til slutt.

Image
Overskrift på stykke i Fjordenes blad, 30.11.1918. Bernt A. Fosnes var ein av dei falne amerikanarane i 1. verdskrigen.
Eigar
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Krigsskadebot

Våren 1919 kom det offsielt brev til Anders R. Fosnes frå den amerikanske krigsassuransetenesten. I følgje lov av 6. oktober 1917 i den amerikanske kongressen skal det utbetalast 10 000 dollar i krigserstatning for Bernt Fosnes. Faren har førsteretten på erstatninga som skal utbetalast med faste beløp i tida 20. september 1918 - 20. september 1938.

Krigsgrav

Korleis bar det til at Bernt fall i kampane på Vestfronten? Det veit me ikkje, men me veit at han fekk si grav på ein amerikansk kyrkjegard, og at grava er der enno (2007). På Internett finn me hjå American battle monuments commission opplysningar om grava og bilete av kyrkjegarden. Det står, omsett til norsk:

Bernt A. Fosnes
Menig, US Army
360. Infanteri-regiment, 90. divisjon
Oppteken i tenesten frå: Minnesota.
Døydde: 19. september 1918
Gravlagd på: Felt C, Rad 10, Grav 28
St. Mihiel amerikanske kyrkjegard
Thiaucourt, Frankrike.

Image
Grava til Bernt A. Fosnes er å finna på den amerikanske krigskyrkjegarden St.Mihiel i Thiaucourt i Frankrike. Flickr: https://flic.kr/p/2nacDKV
Datering
16. mai 1014
Fotograf
American Battle Monuments Commission
Eigar
American Battle Monuments Commission
Lisens
CC0