Hausten 1988 var ein fjerdeklasse på besøk i det gamle meieriet på Hjelmeland. Elevane fekk omvising av folk som hadde vore med då meieriet var i drift. Heilt fremst står Hermann Fauske som hadde med seg barnebarnet Vegard Gillestad. I midten til venstre står Ingvar Fauske og til høgre Målfrid Åse som var meierske her. I døropninga kan vi skimte Albert Hjelmeland. Avisa Firda var til stades og laga ein reportasje om hendinga, og det var journalisten som tok biletet.
Datering
1988.
Fotograf
Firda.
Eigar
Avisa Firda.

Meieriet på Hjelmeland

Meieriet på Indre Hjelmeland var i drift til sentralmeieriet i Bygstad stod ferdig i 1952. I staden for at dette skulle forfalle, greidde eldsjeler å ta vare på bygning og inventar, slik at det i dag kan brukast til ulike kulturarrangement.

Oppstarten

Mykje av arbeidet med foredling av mjølka var kvinnearbeid. Dette vart i 1898 overteke av det nyskipa meieriet på Hjelmeland. Det var oppsitjarane på Fauske, Hjelmeland, Bringeland og Åse som tok til med dette samvirket. Meieriet leigde først lokale i kjellaren til Anders R. Hjelmeland. Den første meierska var Marta Eide, ein jobb ho hadde i det mellombelse kjellarlokalet. Så i 1904 bygde leverandørane sjølve på husmannsplassen til Gjert Hjelmeland.

Drift

Meieriet var i drift heile veka med unntak av laurdagskvelden og søndagsmorgonen. Då måtte brukarane separere mjølka sjølve, for så å kinne ho til smør ein annan dag i veka. For å få mjølka fram til meieriet på lettaste måten, vart det ordna med køyrelag. På den måten slapp ein å køyre på meieriet kvar dag for som oftast gjekk mesteparten av føremiddagen til dette arbeidet. Leverandørane hadde nemleg visse plikter som dei måtte utføre på meieriet sjølv om det var meierska som var ansvarleg for den daglege drifta. Vassbering, separering og kinning var det leverandørane som stod for. Sidan det ikkje var innlagt vatn, var dette eit omfattande arbeid. Først dei siste åra meieriet var i bruk fekk dei motor på kinna.

Image
Drifta av meieriet var avhengig av at leverandørane tok del i arbeidet sjølv om det var ei meierske som var ansvarleg for drifta. På dette biletet frå kring 1950 dreg Georg Aase separatoren medan Alfred Hjelmås kontrollerer at alt går rett føre seg. I bakgrunnen ser vi Mikal Hjelmeland som gjer seg klar med vassel og bøtter til å hente vatn.
Datering
Kring 1950.
Fotograf
D. Reiakvam, Førde.
Eigar
Fylkesarkivet.
Image
Meierska eltar smøret med kjevle.
Datering
Kring 1950.
Fotograf
D. Reiakvam, Førde.
Eigar
I Meieribruket i Sogn og Fjordane 1874-1974.

Smørmeieri

Dette meieriet var eit smørmeieri, difor var det heller små mengder ved som gjekk med samanlikna med dei som dreiv med ysting. Likevel var det behov for varmt vatn til reingjering, og veden måtte skaffast fram av leverandørane.
Smøret vart i byrjinga pakka i tønner, seinare i 10-kilos smørkartongar. Mykje vart sendt til Meierisentralen i Bergen, og transporten av det fall på leverandørane som byttest om å køyre til båten i Bygstad. Fortenesta var ikkje høg i byrjinga trass stor arbeidsinnsats. Likevel var det god oppslutnad om tiltaket fordi dei som dreiv det, visste det var deira eige. I sommartida var meieriet stengt. Då var kyrne på stølen, og separering og kinning gjekk då føre seg der.

Nedlegging av meieriet

Då stormeiereriet for heile distriktet kom i Bygstad i 1952, vart Hjelmeland meieri lagt ned tilliks med dei andre småmeieria i kommunen. Men her såg grenda nytten av å ta vare på det gamle utstyret for ettertida. Før drifta vart innstilt i 1952, vart det laga ein film om aktiviteten ved det gamle meieriet. I ettertid har alt dette vorte nytta i undervisning, eit opplegg som går føre seg i den gamle meieribygningen som også har vorte restaurert.

  • Timberlid, Jan Anders: Bygdebok for Gaular. Band III. 1995.
  • Timberlid, Jan Anders: Bygdebok for Gaular. Band VI a. 2000.