Skysstasjonen på Sperle i Jostedalen. 
Datering
1895
Fotograf
Knud Knudsen
Eigar
Avdeling for spesialsamlinger, UiB
Lisens
CC-BY

Jostedalsvegen

Jostedalen var lenge eit svært isolert dalføre. Den store breelva går i tronge gjel, og det var vanskeleg å få farbar veg til sjøen. Rundt midten av 1800-talet såg fylket det som si oppgåve å gi innlandsbygdene vegutløysing til sjøen, og fylket gav si første bygdevegsvegløyving til Jostedalen i 1842.

Dei første vegane i Jostedalen

Folk i Jostedalen hadde frå gammalt av samkvem både med bygdene i Oppland og Sogn. I 1750 skriv Mathias Foss, prest i Jostedalen 1741-1792, at jostedølene i august brukte å dra til Skjåk og vidare, anten til Røros eller Christiania, med slakt, smør, talg, truger og trevarer av ulike slag. På Røros kjøpte dei med seg jern til gardsreidskap. Varer som korn og sild kjøpte dei i Gaupne, der dei selde never og husdyr. Det var fleire ferdslevegar over fjellet, og to kløvvegar ned til Sognefjorden. Den eine gjekk over Vigdalen via garden Kilen til Luster (Døsen) på austsida av Jostedøla, medan den andre gjekk frå Jostedalen om Alsmo, Leirmo og til Røneid. Den siste vegen var det som etter kvart utvikla seg til å bli hovudferdelsåra til Jostedalen.

Ein av husmannsplassane på Leirmo.
Datering
1872-1875.
Fotograf
Knud Knudsen.
Eigar
Avdeling for spesialsamlinger, UiB
Lisens
CC-BY

Vegen mellom Røneid og Alsmo

Tidleg på 1800-talet vart det sagt at vegen frå Røneid til Leirmo (ca 7 km) var god. Den 2-3 km lange strekninga vidare til Alsmo gjekk over ein bratt ås. Biskop J. Neumann var i 1823 på bispevisitas i fylket, og drog oppover Jostedalen. Han kallar det ".. den frygtelige Reise". Han fortel at vegen frå Røneid opp dalen gjekk bakke opp og bakke ned. Han måtte gå av hesten 20-30 gonger og gå nær halve vegen, ofte på hender og føter der det var brattast. Biskopen skildrar dette som bratte, trappeliknande vegparti. Vegen var betre om vinteren, for då kunne dei bruka den islagde elva som ferdaveg. Leirmo og Alsmo høyrde til Luster kommune, medan gardane vidare opp dalen høyrde til Jostedal kommune.

Mattieu William, kom frå Sotaseter til Jostedalen i 1851. Han overnatta på Røneid skysstasjon, der han fekk skinke og egg med brød og ei flaske god raudvin. I ti dagar hadde han knapt smakt mat, då folk på gardane var på stølen. Han skildrar Røneid som ein liten landsby med hagar og vakre fruktre, men vart mest imponert over at desserten var ei grein med kirsebær. Han kallar Røneid for hotell, og fortel at det var mange folk samla der om kvelden, der eigaren spelte musikk. Det er ikkje bekrefta andre stader at Røneid hadde slik standard. Det kan difor vera slik at Williams faktisk skildrar Tørvis Hotel i Marifjøra, som han og vitja. Då det kom veg til Marifjøra i 1885, vart skysstasjonen på Røneid nedlagt.
Datering
1872-1875
Fotograf
Knud Knudsen
Eigar
Universitetsbiblioteket i Bergen
Utanom Røneid var det skysstasjonar på Alsmo, Sperle og Fåberg. Biletet er frå tunet i Sperleøyane som var skysstasjonen i 1894. På Fåberg kunne ein ikkje få overnatting i 1879, i følge ei av dei første norsk reisehandbøkene gitt ut same året.
Datering
1894
Fotograf
Ukjend
Eigar
Ragnvald Nedrelid. SFFf-1995083.0001

Første løyvinga frå fylket

I 1842 løyvde fylket for første gong pengar til eit bygdeveganlegg. Løyvinga var på 250 spesidalar og gjekk til Jostedalen for å utbetra vegen over Haukåsen (mellom Alsmo og Myklemyr). "Denne Vei, der er høist nødvendig til Ophjælpesen af dette District, der ved dets isolerede Beliggenhed har mange Vanskeligheder at bekjæmpe", heitte det i grunngjevinga. Vegbygginga i fylket bygde på det faktum at sjøvegen var den viktigaste samferdsleåra, og at innlandsbygdene difor først måtte få vegutløysing ned til fjorden.

Ingen køyreveg

Den engelske geologen James Forbes fann vegen slik i 1851: "Den Neste morgen steg vi til hest og startet ferden til Justedal. (-) Selv om det ikke er noen kjørevei, er den omhyggelig anlagt på alle farlige steder: nesten hele strekningen følger den Storelvens viltre løp, og til tider stiger veien til anselige høyder, der man har majestetiske utsyn."

Store utbetringar på 1800-talet

Det kan sjå ut som vegen i Jostedalen vart prioritert framfor andre bygdevegar. Nye løyvingar vart gitt i 1845 (200 spesidalar) og i 1848 (600 spesidalar). I 1857 vart det gått opp ei vegline frå Lom i Opland gjennom Jostedalen ned til Sognefjorden. Jostedalen vart nok sett på som ein del av ein mogeleg gjennomgangsveg til Gudbrandsdalen og konkurrerte såleis med Sognefjellsvegen. Planen følgde stort sett den eksisterande ridevegen, men bygginga vart fråråda av vegdirektøren. Ut over 1800-talet vart det ei aukande utveksling av varer. I 1871 søkte Jostedal kommunestyre om å få granska lina Røneid-Fåberg. Etter framlegg av H. U. Sverdrup gjorde fylkesformannskapet vedtak om å tilrå undersøkingar om korleis Jostedalen på billigaste måte kunna skaffast vegsamband "med den øvrige Verden".

Hovudveg i 1883

I vegdirektøren sitt budsjettframlegg for 1874 vart det ført opp rundt 20.000 kroner til eit hovudveganlegg gjennom Jostedalen, og omlegging av dei verste bakkane i den nederste delen av dalen. Pengane vart nytta til omlegging av Stegebakken, Husbakken, Tømmermyrbakken, Leirmoreina og Alsmostranda i perioden 1875-82. Køyrebreidda var mellom 2 og 4 m. Fylket tok på seg heile distriksttilskotet. I 1877-85 vart det bygd veg mellom Marifjøra og Røneid (3 km). Vegen Marifjøra-Røneid-Alsmo-Jostedalen kyrkje vart hovudveg i 1883.

Jostedalsvegen bygd "ferdig"

Vegen vidare var ikkje køyrande med kjerre, og det kravde store omleggingar for å få det til. Haukåsen var eit "betydelig Bakkeparti", heitte det i eit brev frå løytnant Hansen til vegdirektøren. Oppstigninga var på mellom 1:4 og 1:5. I 1885 tilrådde fylkesformannskapet at vegen over Haukåsen vart omlagd. Stortinget løyvde pengar til dette i 1889 mot 1/3 distriktstilskot. Arbeidet vart utført i åra 1889-91.

I 1891 gjekk fylkesformannskapet, etter oppmoding frå vegdirektøren, med på 1/3 distriktstilskot også til omlegging ved Knippenese, Sandbakken og Stegegjerde. Desse arbeida vart utførde i 1893-95. Når fylkesformannskapet godtok distriktstilskotet var det av di at dei då såg seg ferdig med Jostedalsvegen. Jostedalen ønskte fleire ombyggingar, men det tok mange år før dette vart gjennomført.

Bru over Breevli frå Nigardsbreen. Sjølv om Jostedalen var ei avsidesliggande bygd, kom det etter kvart turistar og vitskapsmenn for å sjå naturen. Opplevingane var ulike. Historikaren Gustav Blom skreiv i 1823: 'Jeg drog dalen fra ende til ende, bestæg breen og speidede oppmerksomt efter alt, hvad der kunde forsone mig med dette afhul, men av ynde fandt jeg intet, af majestætisk naturskjønhed kun lidt, men af rædsler meget, ...' Biskop Neumann sitt første syn av Nigarsbreen i 1823 fekk han til å uttala: 'Jeg mindes ikke nogen Aabenbaring i Naturen der har gjort det dybe Indtryk paa mig som Synet af denne Bræ. (-) Aldrig havde jeg med dybere og helligere Følelser tilbedet Gud i hans Gjerninger.'
Datering
1875-1880
Fotograf
Knud Knudsen
Eigar
Universitetsbiblioteket i Bergen
  • Skougaard, Joh.: Det Norske Veivæsens Historie med Oversigt over Statens Veivæsens Virksomhed i Tidsrummet 1820-1896. Kristiania 1899.
  • Helland, Amund: Topografisk-statistisk beskrivelse over Nordre Bergenhus Amt, bd. 1 og 2. Kristiania 1901.
  • Tang, Per: Ei orientering om Hafslo i gamal og ny tid. Leikanger 1955.
  • Seip, H.: Sogn og Fjordane fylke. Eit tilskot til kommunalsoga. Sogn og Fjordane fylkeskommune 1958.
  • Kvitrud, Arne: Soga om Gaupne. Stavanger 1989.
  • Kjærvik, Norman: Glimt frå pionertida, s. 79-85, Jostedalsbreen og bygda den fikk navn etter. Oslo 1989.
  • Ferdselsvegar i kulturlandskapet. Luster kommune Landbruks- og miljøetaten 1995.
  • Williams, Mattieu: I Norge for 100 år siden. J. W Cappelens Forlag AS 2005.
  • Neumann, Jacob: Bemærkninger paa en Reise Sogn og Søndfjord i 1823. 1823.