"1905-båten" i Kinsedalen på fjorden. Det er ein sognebåt, ein åttæring (bygd for fire årepar) med gavl (tverr akterende) og ror. Eit karakteristisk trekk er den høge framstamnen. Her er det berre påsett to par keipar. I "slepebåten": Magnhild og Anders Børtnes.
Datering
1972.
Fotograf
Ada Vvffray.
Eigar
Gunhild Børtnes

1905 - Sognebåt brukt ved "ei folkerøysting."

På Børtnes i Kinsedalen har dei ein svært gamal åttæring. Han er truleg minst eitt hundre år gamal. Det har vorte fortalt at dei brukte båten ved "ei folkerøysting". I nærare åtti år vart denne godt bevarte sognebåten brukt som skyssbåt og føringsbåt for bruket på Børtnes og andre.

Åttæring

Terje Planke, Universitetet i Oslo, Institutt for kulturstudier, var våren 1994 på besøk i Kinsedalen og mælte opp båten. I måleskjemaet identifiserte han båten somføringsbåtog noterte at han hadde tre par keipar. I eit vedlegg til skjemaet nemnde han båten somåttering, som tyder at båten var bygd som åttæring (båt for fire årepar) og truleg opphavleg var utstyrt med fire par keipar. Den vanlege uttalen eråttring.

I vedlegget noterte Planke elles at båten er bygd "før 1905", at byggjematerialen kom frå Venjahola på Hafslo og var skoren på saga på Tang. Båten var bygd i Børtnes og var utstyrt med råsegl. Karl Børtnes hugsa at han som gutunge følgde båten frå Børtnes til Kinsedal kring 1924 då dei frakta materiale til ei kårstove. Planke noterte også at båten vart brukt då dei bygde rikstelefonanlegg i 1912-1913.

Image
Åttæringen i støa ved naustet på Børtnes i Kinsedalen. Av registreringsskjemaet frå 1994 går det fram at båten har åtte rom medrekna framskott og bakskott. På biletet ser me tre tofter. Gunhild Børtnes (f. 1948) eigar av båten 2005, har fortalt om allsidig bruk. Dei nytta båten til skyss når det trongst, til å frakta støypesand frå Gaupnegrandane til Børtnes og andre stader og til å frakta ved. Ho minnest dei brukte båten til å føra høy frå slåtteområdet Åldrog som Børtnes eigde og som låg i grensa med Kroken og eit stykke utom Kinsedalen. Båten tok 30 børar som måtte lastast og bittast på ein heilt bestemt måte. Åttæringen var føringsbåt når dei i potetsettinga om våren reiste til Kroken for å låna hest, og når det var lite med vatn på Børtnes, brukte dei båten til å henta vatn i Kinsedalen. I sjøen: Målfrid Børtnes.
Datering
Ca 1965.
Fotograf
Ukjend.
Eigar
Gunhild Børtnes

Image
Naustet i Børtnes november 2005. Det fans eit tømra naust der naustet står i dag. Noko av det gamle naustet står enno. Bårbyggjaren som bygde åttæringen i naustet budde i Solvorn. Dei var to brør som bygde båtar der.
Datering
2005.
Fotograf
Gunhild Børtnes.
Eigar
Gunhild Børtnes

Brukt ved "ei folkerøysting"

Det har vore fortalt at åttæringen i Kinsedal vart brukt ved "ei folkerøysting." I 1905 var det to folkerøystingar, den eine i august om unionsoppløysing, den andre i november om statsform, kongedømme eller republikk. Inga folkerøysting har vore gjenstand for større merksemd enn folkerøystinga 13. august 1905. Hendinga levde på folkemunne lenge etter.

Folkerøystinga 13. august 1905

Stortinget fastsette 28. juli 1905 at det skulle haldast folkerøysting søndag 13. august. Røystinga skulle ta til kl 13.00. Kyrkjedepartementet oppmoda i rundskriv om at gudstenestene måtte vera avslutta i god tid før røystinga. I Hafslo prestegjeld vart det halde røystingar i kyrkja på Hafslo for Veitastrond, Ytre Hafslo, Solvorn, Urnes og Kinsedal, og i Fet kyrkje for Indre Hafslo.

Det var grått vér frå morgonen av med skodde og regn, men det klårna opp ut over dagen. Frå Kinsedal måtte dei ta ut tidleg for å nå fram til Hafslo klokka 12. Første etappen var den kring seks km km lange turen nordover til Solvorn, deretter å gå den om lag like lange strekninga til fots, opp til Galden og vidare fram til kyrkja. Signaturen "Lasse" fortalde i eit brev tilSogns Tidendeat frå Solvorn og Ornes kom folk i festtog med fleire flag. Mon tru om ikkje ikkje dei frå Kinsedalen óg var med i festtoget?

Soknepresten heldt gudsteneste og noterte etterpå i dagsregisteret sitt: "Hvem gjør ikke vor Faders Vilje som er i Himlen [tekst]. Oplyst om hvad Folkeafstemningen dreier sig og Bøn for Fedrelandet".

Av 603 røysta 513. Alle røysta ja - til unionsoppløysing. En mann var i ivrigaste laget. Han skreiv utropsteikn etterJa!- som resulterte i at røysta hans vart forkasta. Det skulle berre stå ja eller nei.

Sognebåt

Sognebåt er eit samlenamn for trebåtar laga i Sogn frå eldre tider. Bernhard Færøyvik har ein artikkel om sognebåten iÅrbok for Sogn1934. Han brukar mange nemningar som seier noko om type, storleik og bruk: slagkeiping, færing, seksæring, åttæring, femkeiping, sekskeiping, åttekeiping og jekt (sognejekt), - kyrkjebåt, bybåt, skyssbåt, vanleg bruksbåt, isbåt, storebåt, småjekt, vengebåt, råsegljekt, førslebåt/føringsbåt, ærendsbåt, fiskebåt. 1905-båten i Kinsedalen er ein åttæring, ein båt for fire årepar.

Image
Sognebåt. Færing.
Datering
Før 1934.
Fotograf
Ukjend.
Eigar
I Årbok for Sogn. 1934.

Image
Hamna på den einbølte og veglause garden Tingastad i Sogndal. Attmed motorbåten ligg ein sognebåt.
Datering
Før 1964.
Fotograf
Ukjend.
Eigar
I Leikanger Bygdebok. Gardssoga. Side 179. 1979.

Høver godt for Sognefjorden

"Sognebåten høver godt etter sjø- og vindtilhøve på Sognefjorden. Vinden gjeng anten inn eller ut fjorden. Og straumen er strid, so det vert svært mykje straumskavl og toppesjø. Dertil kjem at der er mykje kastevind og rósever. Og berre den som hev vore i ein sognebåt i storm på Sognefjorden, kan døma um kva sognebåten greider.

Han smyg seg lett mellom skavlane, og tek straumsjøen so roleg at det er ikkje mykje sjøskvett som kjem inn i båten. Under segl er han snar og lett, men han lyt hava rom vind. Eg spurde ein gong ein av dei beste båtbyggjarane i Sogn om båten var god i beiting (bidevind) på stor sjø. "Dette hev eg venta du vilde spyrja meg um", svara han. "Han er ikkje nett so god i beiting; men fær han vinden med, so gjeng han som ein høysekk burtetter isen." Ordforklaringar:

róse- vindrosse, vindkast
beiting- å sigla -, liggja -, styra så nær opp mot vinden som råd er utan å miste farten.


Færøyvik, Bernhard: Sognebåten / Sognejekti. I Årbok for Sogn. 1934.
Sogns Tidende. 18.08.1905.
Munnlege opplysningar frå: Gunhild Børtnes, Leikanger.
Terje Planke: Kopi av registreringsskjema. 1994.