Frå 1850-åra og framover utvikla det moderne reiselivet i Noreg seg. Dette hang mellom anna saman med ei endring i synet på naturen, der det som blir kalla det romantiske natursynet vaks fram. Tidlegare hadde ein sett på det nyttige jordbrukslandskapet som vakkert, men no lovprisa romantikken dei storslagne landskapa med høge tinder og aude fjellvidder. Eit viktig tema i det romantiske natursynet var mennesket i kamp med naturen, der den ville naturen skulle erobrast gjennom vandringar og tindebestigingar.
Det romantiske natursynet førte den europeiske overklassen ut på danningsreiser til klassiske reisemål i Europa som Sveits, Italia og Frankrike. Etter kvart som masseturismen vaks fram, vart desse destinasjonane oppfatta som mindre eksklusive og overklassen byrja difor å søkje nye reisemål. Blikket fall då på Noreg som vart omtala som «det høge nord». Område som Hardanger og Sogn vart ettertrakta reisemål, og vart ofte skildra som «Alpene ved havet». Her var det ikkje berre dei djupe fjordane og høge fjella som tiltrekte turistane, men også isbreane og dei mektige fossane.
Jostedalsbreen som reisemål
Jostedalsbreen fekk ei viktig rolle i turisttrafikken frå slutten av 1800-talet, men allereie frå 1820-talet finn ein dei fyrste reiseskildringane frå Jostedalsbreen. Desse var hovudsakeleg av naturvitskapeleg karakter. I 1836 vart breen for fyrste gong kryssa av ein turist, då sokneprest Wilhelm Fridmann Koren fann ut at han skulle ta turen over Jostedalsbreen på ein reise til Østlandet. Han gjekk då breovergangen frå Sygneskaret i Oppstryn til Skjåk, der skildra han ein 22 timar lang tur i tung snø.
Seinare byrja engelske turistar å oppsøkje dei norske fjella for å oppleve eit framandt og spektakulært landskap.Her var det dei vakre fossane, dei høge fjella og dei djupe fjordane som skulle utforskast. Turistskipa gjekk då inn i fjordane, der turistane vart sett i land og frakta vidare med hest og stolkjerre så nær breen som mogleg. Eit døme på denne turismen var engelskmannen John Campbell, som reiste til Jostedalsbreen seks somrar på 1860-talet. Han skreiv med stor entusiasme ned lokkande skildringar av landskapet.
Hotel Mundal og breturismen
Skildringar frå engelske turistar som gjekk breturar på Jostedalsbreen, finst også i arkivet etter Hotel Mundal. Hotellet vart opna i 1891 som følgje av den aukande turisttrafikken innover Fjærlandsfjorden. Her fekk turistane høve til å oppleve brearmar som Bøyabreen og Supphellebreen på nært hald. I framandboka til Hotel Mundal frå perioden 1894-1899 finn ein fleire slike skildringar frå gjester som har vore på breturar. Ein av desse er frå professor W. Grylls Adams, S. A. F. White og W. G. Adams med Mikkel Mundal som breførar. Dei var på tur 30-31. august 1896. Ruta gjekk då over breen til Lunde, og vidare via Olden og Briksdalen attende til Fjærland. Turen vart skildra som særs vellukka, med perfekt ver og klar himmel, og at dei hadde hatt stor glede av turen.
Olden-Fjærland 30.-31.08 1896
Med utgangspunkt i skildringa i framandboka til Hotel Mundal er det mogleg å rekonstruere breturen som professor W. Grylls Adams og følgjet hans gjennomførte 30.-31. august 1896. Rekonstruksjonen byggjer på dagens vegar og stiar, og vil truleg avvike noko frå den nøyaktige ruta dei følgde, men den gir likevel eit godt bilete av korleis turen kan ha gått føre seg.
Olden-Briksdalen
Følgjet starta i Olden klokka 10 om føremiddagen 30. august. Sjølv om nøyaktig startstad ikkje er oppgjeven, er det sannsynleg at dei tok utgangspunkt ved Yris turisthotell. Herifrå nytta dei truleg hesteskyss og båtskyss over Oldevatnet til Rustøy, før ferda heldt fram med hest vidare inn til Briksdalen. Det er sannsynleg at sluttpunktet for etappen kan ha vore ved turistkafeen i Briksdalen.
Briksdalen-Kattanakken
Frå Briksdal gjekk turen vidare opp til steinane over dalen, og det er sannsynleg at følgjet gjekk til toppen av Kattanakken. Her følgte nok ruta det som var den klassiske DNT-ruta frå 1890-åra, som gjekk frå Briksdal turistkafe og opp til toppen Kattanakken. I framandboka er det oppgjeve at dei forlèt Briksdal klokka 13 og nådde steinane over Briksdal 16:30. På denne tida strekte Briksdalsbreen seg lenger ned i dalen, ikkje langt frå der stien tek til å stige mot Kattanakken, noko som gjorde landskapet endå meir dramatisk.
Kattanakken - Flatbrehytta
Frå steinane over Briksdal tok følgjet fatt på sjølve brekryssinga. Ruta gjekk vidare over Jostedalsbreen mot Fjærland, truleg via området der Flatbrehytta ligg i dag. Følgjet gjekk frå Kattanakken klokka 16:30 og nådde fram ved Flatbrehytta klokka 01:30. På om lag ni timar kryssa følgjet Jostedalsbreen.
Flatbrehytta - Hotel Mundal
I framandboka er det oppgjeven at følgjet var ved steinane mellom Suphellebreen og Bøyabreen klokka 01:30 den 31. august, truleg i området ved Flatbrehytta. Det er ikkje oppgjeve nøyaktig når dei kom til fram til Hotel Mundal, men det er sannsynleg at dei fekk hesteskyss frå breområdet og ned til hotellet, då Hotel Mundal tilbydde hesteskyss for turistar. Turen vart elles skildra slik:
" (...) having had perfect weather and a clear sky + having greatly enjoyed the hike".
Avslutning
Breturen som professor Adams og følgjet hans gjennomførte i 1896, gir eit konkret innblikk i korleis den tidlege turismen og friluftslivet gjekk føre seg. Gjennom skildringane i framandboka frå Hotel Mundal får ein eit sjeldan møte med både reiseruta, opplevingane og samspelet mellom turistar og lokale førarar. Ved å følgje den rekonstruerte ruta frå Olden til Fjærland i kartet, kan ein kome tettare på ei av dei tidlege formene for friluftslivsturisme og sjå korleis landskapet vart teke i bruk av dei fyrste breturistane.
Desse breturane var ein del av utviklinga av turismen ved Jostedalsbreen, og illustrerer korleis eit nytt natursyn og endra reisevanar på slutten av 1800-talet opna for ein annan bruk av landskapet. Friluftsliv, oppleving og utforsking vart sentrale drivkrefter, der naturen ikkje berre skulle betraktast, men også erobrast gjennom vandringar og tindebestigingar. I denne utviklinga fekk Hotel Mundal ei sentral rolle som utgangspunkt for turisme og friluftsliv i Sogn.