Øen Ungdomslag byggjer lagshus
Øen ungdomslag vart skipa i 1920. Møta vart for det meste haldne i den gamle skulen i Ulvika. Dansekveldar og større tilskipingar var gjerne i løa på hovudbruket på Salbu. Men laget var inne i ei aktiv tid. Ynskjet om eit eige hus voks fram etter kvart, og planar vart lagde. Grunnmuren på 20 x 12,5 m vart til ved dugnad, medan den lokale entrepenøren Andreas Gjertsen bygde sjølve huset som hadde storsal med scene og galleri, småsal og gang. Kostnaden over grunnmur var 5.500 kr.
Ungdomshuset Vonheim vart tatt i bruk i 1933 og soknepresten i Gulen, Øystein Hovden, heldt opningstalen.
Allsidig verksemd
Vonheim har gjennom snart 70 år gitt rom for ei allsidig verksemd. Fyrst og fremst vart huset nytta til Øen Ungdomslag sine eigne tiltak, - lagsmøte og festar, m.a. den tradisjonelle juletre-festen. 17. mai-festane drog jamvel folk frå eit større område.
Øen Bondelag har også vore ein aktiv brukar av huset, - til møte, kurs og festar. Skulen sin juletrefest vart skipa til i Vonheim heilt fram til ny skule vart bygd i 1978. 4H hadde sine lagsmøte og festar her fram til nyeskulen tok over. Elles kan nemnast "musikkbasarar", folke-akademi-arrangement, biljardkveldar, diskotek og salsmesser. Vonheim var og god å ta til for brudlaupslag og fest ved runde dagar. Fram til 1999 var også Vonheim vallokale for krinsen.
I over 50 år har det vore vist spelefilmar i Vonheim. Dei fyrste åra var det Refsnes Kino frå Laksevåg som stod for desse tilboda. Men i over 40 år har Bygdekinoen hatt Vonheim på si turneliste.
Eiga lagsavis
Øen Ungdomslag hadde eiga lagsavis i tida 1922 - 1957. Namnet var Ungdomstankar og alle nummera utgjer 8 protokollar, som nå er samla i kommunearkivet i Hyllestad. Desse protokollane synleggjer ein rik kulturaktivitet i soknet. Siste lagsavis vart lesen opp i laget 2. påskedag, 22.4.1957.
Ombyggingar og nye planar
I 1975 vart det gjort eit omfatande vølingsarbeid på ungdomshuset. Medrekna dugnad var kostnadene rekna til 137.500 kr. Mellom anna vart det bygt nytt sanitæranlegg. Kjøkenet vart ominnreia og modernisert og scena utbetra.
Våren 2000 skifta ungdomslaget namn til Øen Grendelag for å få ei breiare kontaktflate i bygda. Laget rustar seg på å møte nye utfordringar. Det er innhenta tilbod på ei total oppattpussing av Vonheim. Innafor ein kalkyle på ½ mill. kr. planlegg laget nytt tak, kloakk- og vassystem, nye glas på sjøsida og ny kledning med isolering på tre vegger.