Stova på Sande der diktaren vart fødd. I framgrunnen ser vi kunstnaren Geir Hjetland som har laga minnestøtta over Sande.
Datering
1994.
Fotograf
Sverre Erdal.
Eigar
Høyanger kulturkontor.

Olav Sande - skulemann, folkeminnesamlar, diktar og toneskald

Olav Sande frå garden Sande i Høyanger, på sørsida av Sognefjorden, var ein allsidig mann. I tillegg til å vere ein vidgjeten toneskald, var han også diktar, segnesamlar og målmann.

Liv som lærar

Olav Sande vart fødd på garden Sande i dåverande Kyrkjebø kommune 28. juni 1850. Han var son av bonde og jekteskipper Øystein Hansson Sande og Gjertrud Endredotter Merket. Sande var svært skuleflink, og han utdanna seg også vidare ved Stord Seminar der han tok lærarskuleeksamen i 1871. Etter ei tid som lærar i heimgrenda flytte han i 1872 til Leikanger og heldt der fram i læraryrket resten av livet.

Målmannen Olav Sande

På Sande si tid gjekk opplæringa i skulen føre seg på dansk-norsk. Lærarflokken her i fylket var langt framme i kampen mot dette, og Olav Sande var ein av leiarane. Etter eit møte i 1884 utforma han, saman med H. M. Dahl og Erik Bruhjell, eit vedtak dei sende til statsråd Elias Blix: "1. I alle offentlige skoler, liksom ved seminarene innføres mundtlig og skriftlig undervisning i norsk landsmål ..". Dette førte fram til jamstillingsvedtaket i Stortinget i 1885. Elles arbeidde Sande heile livet for målsaka. Mellom anna medverka han ved å skriva stykke på landsmål til ulike blad og gjorde såleis landsmålet kjent og brukt. Han reiste også mykje rundt og tala landsmålet si sak. På desse ferdene samla han inn ord som seinare vart tekne opp i nynorske ordbøker.

Image
Ein ung Olav Sande.
Datering
Kring 1880.
Fotograf
Brødr. Larm, Bergen.
Eigar
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Segnesamlaren

Olav Sande reiste, som sagt, mykje rundt. Når siste skuledagen var slutt om våren, tok han ut på ferd for å tala med folk. Truleg har han vore i mest alle bygdene i Sogn. Eit viktig arbeid han her gjorde var å samle inn segner som han vart munnleg fortalt. Dette resulterte i bøkene "Frå Sogn", med undertittel "Segner og annat I" frå 1887, og "Segner frå Sogn II" frå 1892. Vi kan difor i ettertid takke Olav Sande for å ha gjeve oss ein glytt inn i bygdelivet og bygdekulturen på 1800-hundretalet.

Toneskald og tonesamlar

Olav Sande etterlet seg eit verdifult materiale i dei fire banda av "Norske Tonar" som kom ut i tida 1905-1910. Bøkene inneheld 595 tonar der Sande sjølv har laga 330, og resten har han samla inn. Mellom anna har han sett tone til Haugtussa-songane av Arne Garborg. Andre kjende tonar er "Å, eg veit meg eit land" og "Gud signe Norigs land". I Norsk Salmebok (1985) er det tre melodiar av Sande. Ein av dei er Blix-salma "Himmelske Fader". Av dei innsamla tonane kjem det fram at han har farta mykje rundt. I tillegg til i Sogn, har han samla i Ryfylke, på Jæren, i Hardanger og på Voss.

Kongen si fortenestemedalje

Det er nok i arbeidet som toneskald Olav Sande har vorte mest vidgjeten. På 75-årsdagen fekk han Kongen si fortenestemedalje og brevet som følgde var på nynorsk. Han døydde 23. august 1927, og både han og kona ligg gravlagde på Leikanger kyrkjegard.

Image
Minnestøtta på Sande vart reist i juli 1994.
Datering
1994.
Fotograf
Sverre Erdal.
Eigar
Høyanger kulturkontor.


Aas, Sverre: Olav Sande. Eit liv i ord og tonar 1850-1927. Leikanger 1998.
Leirnes, Leif: Bygdebok for Kyrkjebø og Lavik, band III. Høyanger 1978.