Minnesteinen over Konrad Byrknes (1915-1940) står på grava hans på kyrkjegarden ved Mjømna kyrkje. Steinen er vel 3 meter høg, 55 cm brei og 23 cm tjukk.
Datering
2001.
Fotograf
Hermund Kleppa.
Eigar
Fylkesakrivet i Sogn og Fjordane.

Minnestein over Konrad Byrknes ved Mjømna kyrkje

Etter mobiliseringa 9. april 1940 reiste mannskap frå heile Sogn og Fjordane til mønstringsstaden Bømoen på Voss. Vel 2000 mann vart frå 19. april overførte austover og var med i stridane i Valdres fram til kapitulasjonen 30. april. Konrad Byrknes var ein av dei som ikkje kom heim att i live. I juli 1945 vart det avduka ein minnestein på grava hans ved Mjømna kyrkje.

Biografi i bokverket Våre falne

BYRKNES, KONRAD KRISTOFFERSEN, fiskar, Gulen. Fødd 7. mai 1915 i Byrknesøy, s. til Kristoffer Kolbensen, f. 1889 i Byrknesøy, og Ingeborg f. Martinsen, f. 1884 i Fedje. Gift i Byrknesøy 1940 med Berly Ingvaldsdatter Nordheim, f. 1917 i Gulen. 1 barn. Fall som maskingeværskyttar under kampane i Bagn i Valdres 20. april 1940. Gravlagd ved Mjømna kyrkje.

Image
Konrad Kristoffersen Byrknes, fødd 1915, fall i Valdres 1940. Han var på militærøving på Madlamoen ved Stavanger ei tid før krigsutbrotet, kan henda hausten 1939.
Konrad Kristoffersen Byrknes, fødd 1915, fall i Valdres 1940. Han var på militærøving på Madlamoen ved Stavanger ei tid før krigsutbrotet, kan henda hausten 1939.
Datering
Ukjend.
Fotograf
Ukjend.
Eigar
I Våre Falne.

Innskrifta

På framsida, som vender mot aust, står:

KONRAD * KRISTOFFERSEN * BYRKNES * FØDD 7. MAI 1915 * FALL I STRIDANE * I VALDRES * 20. APRIL 1940 * DU GAV ALT * FOR FEDRELANDET.

På baksida står:

REIST AV BYRKNES * KRINS OG NÆRASTE * GRENDER I DJUP * TAKKSEMD

Image
Steinen er prismeforma, grovt tilhoggen, og har innskrift på to sider. På baksida står: REIST AV BYRKNES * KRINS OG NÆRASTE * GRENDER I DJUP * TAKKSEMD
Steinen er prismeforma, grovt tilhoggen, og har innskrift på to sider. På baksida står: REIST AV BYRKNES * KRINS OG NÆRASTE * GRENDER I DJUP * TAKKSEMD
Datering
2001.
Fotograf
Hermund Kleppa.
Eigar
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Avduking sommaren 1945

Kort tid etter at Konrad var gravlagd på Mjømna, 11. juli, sette bygdefolket i gang ei innsamling til eit minnesmerke på grava hans. Det vart kjøpt inn stein, men mange ting gjorde at steinen ikkje vart reist og avduka med det same. Ein valde å venta til krigen var over. Steinen vart avduka søndag, 8. juli 1945.

Image
Frå ei markering ved steinen ein 17. mai på 1990-talet. Andrias Kversøy held flagget. Han var i mange år fast flaggberar i 17.mai-toget.
Frå ei markering ved steinen ein 17. mai på 1990-talet. Andrias Kversøy held flagget. Han var i mange år fast flaggberar i 17.mai-toget.
Datering
1990-talet.
Fotograf
Ukjend.
Eigar
Fylkesarkivet/Berly Vesetvik.

Avdukingstalen

Det var fyrst minnegudsteneste for dei falne. Etter gudstenesta samla folket seg rundt minnesteinen og talarstolen som var reist like ved. Høgtidsstunda byrja med song av eit kor frå Byrknes før kaptein Skaathun heldt avdukingstalen. Han var sjølv med i stridane i Valdres og var komen på oppmoding frå Distrikstkommando Vestlandet i Bergen. Han slutta med talen med desse orda:

"Måtte så denne steinen alltid stå i fri norsk jord og som eit vitnemål om folket sin truskap og vilje til å halda saman i gode og vonde tider."

Image
Namnet til Konrad Byrknes er med på tre andre minnesteinar: a) på minnesmerket (Infanteribautaen) på Bømoen på Voss, b) på minnesmerke på Byrknes, og c) på minnestøtta i Eivindvik over alle frå tidlegare Gulen kommune som fall i krigen 1940-1945. Dessutan er det sett opp minnestein over han på staden han fall, Gråbeinhølet, Valdres.
Namnet til Konrad Byrknes er med på tre andre minnesteinar: a) på minnesmerket (Infanteribautaen) på Bømoen på Voss, b) på minnesmerke på Byrknes, og c) på minnestøtta i Eivindvik over alle frå tidlegare Gulen kommune som fall i krigen 1940-1945. Dessutan er det sett opp minnestein over han på staden han fall, Gråbeinhølet, Valdres.
Datering
1990-talet.
Fotograf
Ukjend.
Eigar
Fylkesarkivet/Berly Vesetvik.

Dikt

Etter talen las Harald Wergeland eit minnedikt (prolog) skrive av Astrid Knudsen. Diktet på 35 vers, skildrar guten og mannen, krigsutbrotet, mobilisering og avskil, otte og venting, ein som ikkje kom att, sorga og saknaden, men også takksemd.

Me kjenner ein inderleg trong i vårt sinn
til å syna deg takka så stor!
men uttrykk som høver me slett ikkje finn,
det vert berre så fattige ord:
Me takkar deg her, me vil takka deg enn,
ditt heimland, ditt folk, dine kjære, di grend.

Steinen gjeven til kyrkjesoknet

Formannen i nemnda, Harald Wergeland, greidde ut om arbeidet som var gjort med å få reisa steinen, og gav deretter steinen til kyrkjesoknet, representert ved soknerådet. Det vart lagt ned fleire kransar, mellom anna frå pårørande, kyrkjelyden, Byrknes og Øyane Fiskarlag og Hæren.

Image
17.mai-toget på Mjømna 1999 på veg til kyrkja der det kvart år er markering ved minnesteinen på grava til Konrad Byrknes. Steinen er vel 3 meter høg, 55 cm brei og 23 cm tjukk.
17.mai-toget på Mjømna 1999 på veg til kyrkja der det kvart år er markering ved minnesteinen på grava til Konrad Byrknes. Steinen er vel 3 meter høg, 55 cm brei og 23 cm tjukk.
Datering
1999.
Fotograf
Kjellfrid Mjømen.
Eigar
Kjellfrid Mjømen.

Image
Dottera Karin og kona Berly ved minnesteinen.
Dottera Karin og kona Berly ved minnesteinen.
Datering
Ca. 1997.
Fotograf
Ukjend.
Eigar
Fylkesarkivert/Berly Vesetvik.


Avisa Sogn og Fjordane. 17.07.1945. Leikanger.
Våre falne. Oslo 1949.
Bragstad, Jakob: Fjordane Infanteriregiment nr. 10 i gamal og ny tid. Oslo 1996.
Opplysningar frå:
Berly Vedsetvik, Gulen.
Manuskript til avdukingstale og minnedikt.
Referat frå avdukinga ved Lars Gåta.
Mer informasjon om {{ title }}
{{ field_image }}{{ field_images }}