I teglsteinshuset rett ovanfor riksvegen gjennom Folkedal vart det drive ljåproduksjon fram til midt på 1950-talet (Svein Nord).

Scythes used to be made in the brick house just across the motorway through Folkedal

I teglsteinshuset rett ovanfor riksvegen gjennom Folkedal vart det drive ljåproduksjon fram til midt på 1950-talet (Svein Nord).

Nedre Folkedal

LJÅSMEDANE I FOLKEDAL

Folkedalsljåen hadde i mange år eit godt omdøme. Rett ovanfor riksvegen gjennom Folkedal ligg eit langt teglsteinshus, på innsida av elva. Her var det drive ljåproduksjon fram til midt på 1950-talet.

Huset skal vera bygt rundt hundreårsskiftet. Der var tre smihammarar drive av reimverk, som fekk krafta frå ein turbin på oppsida av huset. Denne vart driven av vatn frå elva.

Dei siste åra var det tre smedar som produserte ljå i denne smia. Brørne Håvard O. Folkedal (f. 1897) og Oddmund O. Medhus (f. 1901). Desse både produserte og selde ljå i kompaniskap. I tillegg dreiv Andreas J. Medhus (f. 1888) ein smihammar for seg sjølv i same huset. Huset var òg plassert på hans grunn. Desse tre var likevel ikkje dei første ljåsmedane i Folkedal. Både far til Håvard og Oddmund, Oddmund O. Brekke (f. 1860), og far til Andreas, Johannes O. Hamre (f. 1855), var kjende ljåsmedar i si tid. Det er truleg desse to som opphavleg bygde smia der ho ligg no.

Sjå også

Andre stader i kommunen