Bedehuset på Ytre Gil 1920-1921, kort tid ette at det var teke i bruk (1919). Nokre kvinner syng og spelar på gitar og harpeleik. 
Datering
1920-1921.
Fotograf
Ukjend.
Eigar
Johannes Sørebø/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Gil bedehus

Hyllestad har fem bedehus, i Skifjorden, på Sørbøvåg, Ramsgrø og Løland. Eit femte står på Gil, men det er ikkje lenger i bruk som bedehus.

På Ytre Gil

Det står tre hus i gardstunet på Ytre Gil, ein uthusbygning, våningshuset og eit lite hus som går under namnet Bedehuset. Eigaren, Arne Giil, brukar det til verkstad. Han fortel at det alltid var basar 2. påskedag.

Om bedehus i kyrkjesogehefte

Thor Aaberg (1892-0000) var sokneprest i Hyllestad i åra 1922-1929. Han var interessert i lokalhistorie og sytte for at det blei skrive eit hefte om soga til kyrkjene i Hyllestad. Det kom ut i 1929. Heftet har også med korte stykke om bedehusa i Hyllestad. Det er Hanna Ottesen som fortel om bedehuset på Ytre Gil. Vi får høyra:

Frå bustadhus til bedehus

Sommaren 1919 bygde eigaren på Ytre Gil, Johannes Ottesen, [gardbrukar og lærar, ordførar 1894-1916] nytt bustadhus og same hausten vart det gamle huset teke i bruk som bedehus. Folk fekk med dette eit etterlengta samlingshus. Salen [møteromma i bedehusa oftast nemnde me ordet sal, storsalen, vetlesalen/småsalen] hadde tre vindauga mot sør og to mot nord. Talarstolen stod på vestveggen. Det var sitjeplass til ca 70, men det hende det var fleire inne. Huset var i privat eige. Ombygginga kosta vel 4000 kroner. Etter 10 år var gjelda komen ned i 400-500 kroner. Dei ville ikkje ordna med nokon ”officiell overdragelse” [venteleg til indremisjonen] før huset var gjeldfritt, skreiv Hanna Ottesen i 1929. 

Image
Johannes Ottesen (1846-1937) og kona Brita Systad Ottesen (1840-1930) og 2 av døtrene, Hanna Ottesen (1880- 1952) og Maria Ottesen (1884-1972). Johannes var ordførar i Hyllestad 1894-1916, og lærar i 54 år. Det er truleg ein omreisande fotograf som har teke biletet. Om far til Johannes, Otte Eliasen (1811-1895), fortel dei slik: Han kom roande i ein 6-æring med alt han eigde, frå Stord. Han var innom alle vikar og bukter langs kysten. Etterkvart som han rodde, ropa han: 'Har de gard til salgs?' 'Ja', svara dei på Giil, og her vart han. Garden er nedlagd. 
Datering
1900-1905.
Fotograf
Ukjend.
Eigar
Johannes Sørebø/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Frå bedehus til verkstad

Bedehuset på Ytre Gil var i bruk til nokre år etter krigen, rundt 1950. Huset vart seinare teke i bruk som verkstad. Utanom bygningen finst det ikkje materielle spor etter bedehustida som til dømes talarstol, benker eller utsmykking. Men nemninga Bedehuset er framleis eit levande spor etter det privateigde bedehuset på Ytre Gil.


Aaberg, Thor: Kyrkjorne i Hyllestad. 1929 


Munnlege opplysningar av
Arne Giil, Hyllestad