Bakgrunn
Initiativet, og den praktiske førebuinga og etableringa av selskapet Sunnfjord Hotell AS, vart teke av Førde Næringssamskipnad. Denne vart skipa 19. mars 1964, med Ingvard Hornnes som formann. Alt i mai 1964 stod reising av nytt hotell i Førde på dagsordenen. Det var stor interesse for dette i bygda, noko kring 450 lokale aksjonærar tyder på. I 1960-åra skaut utviklinga av Førde fart. Nye forretningsbygg kom opp, nye verksemder etablerte seg, Førde vart utpeikt til vekstsenter, og folketalet auka. Alt dette skapte optimisme og tru på framtida. På denne tida var det òg vekst i reiselivsnæringa, og fleire turisthotell i fylket tok til å utvida.
Oppstart
I 1966 vart hotellselskapet skipa. Vidar Ødelien, f. 1939, med fagleg bakgrunn i hotellnæringa, vart tilsett som direktør i 1967. Hotellet i Førde var alt frå starten tenkt som eit samfunnshotell. Arkitekten for første byggjesteget var Connie Henden. Bygget vart sett opp av entreprenør Andreas Hjelmeland. Både arkitekt og entreprenør stod føre fleire bygg i Førde på den tida. Hotellet opna 1. mai 1968. Det hadde 67 rom og 143 senger, var godt utstyrt med møterom, og hadde restaurant og kafeteria.
Utvikling og vekst
Sidan starten har hotellet vorte utvida med åtte større og mindre byggjetrinn. Første byggjetrinn var på 4 000 kvm, som var heller stort i si tid. I 2001 er hotellet på 13 000 kvm. Den første utvidinga kom i 1973/74 med m.a. 45 nye rom. Den største utvidinga kom i 1985, med nye restaurantar, resepsjon og ny 4. etasje, med m.a. 1000 kvm møterom.
Hotellet har mange bein å stå på. Det har ei god inntektskjelde lokalt, ettersom kring 25 % av omsetninga skriv seg frå lokal bruk. Hotellet har kring 50 000 gjestedøgn. Av dette er 38 % yrkes- og forretningstrafikk, 23 % er kurs og konferansar, og 39 % er ferie og fritid. Det siste er weekend-tilbod gjennom heile året og gruppetilbod om sommaren. Forretningstrafikken er vesentleg større enn det som elles er vanleg på hotella i Sogn og Fjordane. Av gjestene er 78 % nordmenn, noko som er langt fleire enn kva som er vanleg på hotella i fylket.
Eigarane
Aksjonærane i Sunnfjord Hotell AS har vore ei blanding av mange små og nokre få store. Dei største av dei opphavlege aksjonærane var Førde kommune, Firda Billag, Bergens Privatbank, Bergens Kredittbank, Vestlandsbanken og Fylkesbaatane. I tillegg var det mange småaksjonærar, slik at samla tal aksjonærar har vore på kring 450. I dag er den største aksjonæren Fritz Hjelmeland med 34 %, og nummer to er Sparebanken Sogn og Fjordane.
Inn i Rica
I konkurransen innan hotellbransjen er lojalitetskort som kan nyttast i hotellkjeder blitt vanleg. Rica Sunnfjord Hotell kom inn 1. oktober 1999, som driftsselskap, med Odd Erik Gullaksen som direktør. Sunnfjord Hotell eksisterer som før, men no som eigedomsselskap, med ein del andre eigedommar og hus i tillegg, som leiger ut til Rica. Hotellet har 170 personar på lønningslista.