Under vigslinga av Stavang kyrkje, 16. juni 1957, kom det 90 båtar på hamna og 1500 menneske som ville inn, men flesteparten måtte nøye seg med å følgje preika gjennom høgtalaranlegget ute.

For the consecration ceremony of the church on 16 June, 1957, 90 boats anchored up in the harbour, and 1500 persons wanted to get inside the church, but most of them had to listen to the sermon through outside loudspeakers.

Datering
1957.
Fotograf
Ukjend.
Eigar
I Flora - Kulturhistorisk vegvisar.

Stavang kyrkje

Stavang kyrkje er ei langkyrkje i teglstein som står på Stavang i Flora kommune. Kyrkja, som har 312 sitjeplassar, vart vigsla 16. juni 1957 av biskop Ragnvald Indrebø. Arkitekt Ole Halvorsen frå Bergen laga teikningane til kyrkja. Stavang kyrkje er soknekyrkje for Bru sokn i Kinn prestegjeld.

Kyrkja frå 1873 brann ned i 1951

Både kyrkja og kyrkjestaden i Stavang er ung, men kyrkja i Bru sokn har tradisjonar tilbake til mellomalderen. Frå mellomalderen og heilt fram til 1872 stod soknekyrkja på Svanøy, men ho var i dårleg stand, og trong vøling. Då det på 1860-talet vart aktuelt å dele Kinn prestegjeld og kjøpe prestegard i Stavang, gjekk soknestyret inn for å byggje både ny kyrkje og prestegard for Bru på fastlandet, og rive gamlekyrkja på Svanøy.

Den nye kyrkjestaden var eit lite høgdedrag rett opp frå kaien i Stavang. Det skal ha stått kyrkje i Stavang også i mellomalderen, på 1400-talet, men ein veit ikkje sikkert at det var på same staden som dagens kyrkje. Stavang og Bru var då ulike sokn. Kyrkja i Stavang må ha vore nedlagd før.

Trekyrkja frå 1873 fekk likevel eit kort liv. Vesle julaftan 1951 brann ho ned til grunnen. Dette var den tredje store kyrkjebrannen som råka Sogn og Fjordane på vel eit tiår. I 1940 brann Øn kyrkje i Hyllestad (bygd 1870), i 1945 Nord-Vågsøy kyrkje på Raudeberg (bygd 1854), og så kyrkja i Stavang, som berre vart 78 år gammal. Og det skulle gå seks år før dagens kyrkje kom opp. Likevel var Stavang kyrkje den fyrste nybygde kyrkja i fylket etter krigen. I mellomtida vart skulehuset nytta til kyrkjelege handlingar.

Image
Kyrkja, som stod ferdig i 1873 og brann ned juledagsmorgon 1951, var ein staseleg bygning. Ho var teikna av arkitekt Eilert Christian Brodtkorp Christie og var nesten heilt lik Kyrkjebø kyrkje.

The church, which was completed in 1873 and was lost in a fire at Christmas, 1951, was an elegant church building. It was designed by the architect Eilert Christian Brodtkorp Christie and was nearly identical to the Kyrkjebø church.

Dating: 1920-1925.<br />
Owner: The County Archives of Sogn og Fjordane, SFFf-95064.0598.<br />
Photographer: Ragnvald Oliver Riise.

Datering
1920-1925.
Fotograf
Ragnvald Oliver Riise.
Eigar
Fylkesarkivet, SFFf-95064.0598.

Arbeidet med å byggje kyrkje

Alt fem dagar etter brannen valde soknerådet på eit omframt møte ei byggjenemnd, med residerande kapellan Einar Tuvin som leiar. Dei fekk fram nye kyrkjeteikningar alt i 1952-1953, og Tuvin heldt seinare kyrkjelyden orientert om kyrkjesaka gjennom stadige rapportar i Kinn kyrkjelydsblad. Men det skulle ta tid å få bygd ny kyrkje, meir grunna byråkrati enn praktiske forseinkingar. Eit glimt frå 1955: "Det var allmenn glede i Stavang då vi endeleg kom så langt at arbeidet på kyrkjebygget ville gå fort. Men at det ville gå så fort som det gjorde, det hadde ingen av oss tenkt var mogeleg. Den 19. september vart første mursteinane lagde på grunnmuren, og alt 14 dagar etter var murane komne opp i full høgd slik at tømmerarbeidet kunne taka til .." Men enno skulle det gå to år til før vigslinga.

Bygd i teglstein

Nye Stavang kyrkje er ei av tre i teglstein her i fylket, dei andre er Svelgen kapell og Farnes kyrkje. Ho er pussa og kvitmåla utvendig og innvendig. Mot nord er det eit tilbygg med kyrkjelydssal. Kyrkja har fire store, høge glas på kvar side av skipet, medan altertavla er eit fargerikt glasmåleri i bakveggen av koret. Også gamlekyrkja på Svanøy hadde fine glasmåleri, som det såleis er lange tradisjonar for i gamle Bru sokn. Den fargerike mosaikken i preikestolen og døypefonten samsvarar godt med rommet og interiøret elles.

Image
Nye Stavang kyrkje, som er soknekyrkje i Bru sokn, er i teglstein. Ho er pussa og kvitmåla utvendig og innvendig. Grunnen til at soknet heiter Bru, er at Svanøy bar dette namnet fram til 1685. Det var på Svanøy soknekyrkja stod fra til 1872.

The new Stavang church, which is 'sokn church for Bru 'sokn', is made of brick. The interior and exterior are dressed and whitewashed. The reason why the 'sokn' is called Bru is that Svanøy had this name until 1685, and Svanøy was the location of 'sokn' church until 1872.

Datering
2000.
Fotograf
Hermund Kleppa.
Eigar
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Der er to sakristi, eitt for presten og eitt for dåpsborna. Trappa til preikestolen går direkte frå sakristiet, slik at kyrkjelyden får ekstra godt innsyn til koret. Sideveggene har brystpanel av tre 1,5 m opp frå golvet. Orgelet er sett inne i tårnet, og organisten plassert på sørsida av galleriet med eit glas i ryggen. Då har organisten både godt lys bakfrå, og godt utsyn mot kyrkjerommet.
Samla byggjekostnad i 1957 var 360 000 kr, pluss orgel til 40 000. Under vigslinga kom det 90 båtar på hamna og 1500 menneske som ville inn, men flesteparten måtte nøye seg med å følgje preika gjennom høgtalaranlegget ute.

Kunst og inventar

Altertavla frå 1957 er eit fargerikt glasmåleri i austveggen, laga av Egill Rognaldsen. Motivet er Kristi himmelferd, og Kristus lyfter hendene til velsigning over dei 11 apostlane. Hender og føter er naglemerkte.

Image
Då kyrkja stod ferdig i 1957 vart det sett inn ei provisorisk altertavle. Arkitekten og målarmeisteren laga henne, då altertavla som skulle vera i kyrkja ikkje var ferdig. Den provisoriske altertavla var i fine fargar og hadde eit fint motiv.

When the church was completed in 1957, a makeshift altarpiece was made by the architect and the master painter as the permanent altarpiece was not yet finished. The makeshift altarpiece was colourful and had a fine motif.

Dating: 1957.<br />
Owner: Åsmund Standal.<br />
Photographer: Åsmund Standal.

Datering
1957.
Fotograf
Åsmund Standal.
Eigar
Åsmund Standal.

På alteret står to lysestakar i sølv frå 1957. Nattverdsutstyret er ein kalk og ein disk frå 1873, og ei udatert brødøskje. Disken har innskrifta "Fra sognepresten", medan brødøskja har innskrifta "Fach Gedding B Mechlenburg". Både preikestolen og døypefonten er i tre med innfelt mosaikk av Ellen Hernæs, begge frå 1957. Mosaikken på preikestolen har motiva "Maria med Jesusbarnet" og påskehendinga. På døypefonten er motiva "Den sigrande Kristus", dua er symbol for Den Heilage Ande, og ei kvinne som held fram barnet sitt. Dåpsfatet og dåpsmugga er frå 1961.

Orgelet frå 1957 har fem stemmer. Her er to kyrkjeklokker. Den eine klokka er frå 1952, er laga av Olsen Nauen Klokkestøperi AS i Tønsberg, og har innskrifta "Kallar eg til kyrkjemøte, ringjer eg til ro dei døde, alltid er eg Herrens tolk, når han samla vil sitt folk". Den andre er frå 1952, er også laga av Olsen Nauen, og har innskrifta "Land, land, land, høyr Herrens ord!"

Ei altertavle frå 1899, står i kyrkjelydssalen og er eit måleri på lerret av Joh. Christensen, etter H. Hofmann. Motivet er Jesu oppstode. Måleriet var altertavle i den førre kyrkja i Stavang, og vart berga ut ved brannen i 1951.


Aaraas, Margrethe Henden m.fl.: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane - 1. Nordfjord og Sunnfjord. Selja Forlag. Førde 2000.