Østersurt veks på rullesteinsstranda i Vestrefjæra på Herdla. For å tola rufsete vêr med mykje vind og eit og anna bølgjeslag må ho krypa langs bakken. Der lyt ho vera åleine, andre planter blir det ikkje plass til. Derfor veks østersurta der ingen andre trivst, på naken grus og mellom rullesteinar. Her klorar ho seg fast med den kraftige rota. Les meir om botanikken på Herdla >